Ein flott tur til Skår og Skårasætra med Naturfestivalen

Her kjem ferga inn mot Skår, starten på ein flott dag
Her kjem ferga inn mot Skår, starten på ein flott dag

I år fekk vi endeleg gjort det vi i fleire år har sagt vi burde gjere, ta ein tur til den flotte bygda Skår i hjørundfjorden under Naturfestivalen .
Vi måtte opp nokså tidleg om morgonen den 2/8-09, og vi såg fort at vi  var ikkje åleine om å ta turen denne dagen, omlag 100 personar vart med ferga som gjekk til Skår via Leknes.

Jarle Walset var vegvisar og historieforteljar denne dagen, og den jobben gjorde han godt. Han hadde tydeleg tilegna seg mykje kunnskap om bygda si, han hadde sjølv sine første barneår på nedste garden på Skår. Walset hadde eit godt grep om sitt publikum, og vi fekk mykje fakta ispedd historier som han presenterte med ein lun humor.

Jarle Walset fortel om ættegarden sin og andre gardar på Skår
Jarle Walset fortel om ættegarden sin og andre gardar på Skår

Der var to gardar som vi fekk sjå nærare på, og den einaste fastbuande på Skår, Asbjørn Skår, vart med på turen og suplerte Jarle Walset med historier når det var behov for det.

Under ser vi den øvste garden på Skår, der eigaren Johan Skår nett har hatt syskenbarntreff og fyllt 60 år på same helga. Det er ingen som bur fast på dette bruket no, men mange av dei som ætta til garden var med på turen denne dagen.

 

Her ser vi opp mot øvste garden på Skår
Her ser vi opp mot øvste garden på Skår

Oppstigninga til Skårsætra var litt bratt, men den gjekk i sti heilt til vi var komne opp på kanten der ruta flata ut. Vi fekk høyre om livet til stølsjentene, og vi hadde faktisk med oss på turen den som var den siste til å passe krøttera på denne sætra.

Der var fleire kjente «kvilestadar» på vegen opp, og det vart stoppa på dei alle, slik at dei som ikkje var så godt trente fekk ta seg inn att.

Mykje av det dei skulle ha ned til gards dei seinare åra, brukte dei løypestreng til. Denne løypestrengen låg der enno den dag i dag, men han var ikkje oppspent. Jarnstonga som han festa til, stod framleis oppe på kanten og vi ser den på biletet under.

 

 

Jarnstonga ein festa løypestrengen i står framleis
Jarnstonga ein festa løypestrengen i står framleis

Etterkvar kom vi oss alle opp til sætra og fekk lønn for strevet med mat og drikke først og fremst, men også fleire historier om stølslivet her. Vi fekk mellom anna vite at det ei tid var meiniga å dyrke opp området rundt sætra til slåttemark, men dei planane vart lagt på is og har ikkje vorte tekne oppatt.

Skårsætra
Vi er oppkomne og nyt både mat og utsikt

Etter ei stund starta vi på nedstigninga til kaia, men vi hadde god tid. Dei fleste måtte vente eit par timar på ferga, og då var det godt med ein liten strekk i graset 😉

Vi takkar for ein flott tur og ei oppleving for livet.

Ole slappar av på Skår
Ole har funne kvileplass i påvente av ferga til Sæbø

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *