Kategoriarkiv: Turar i skog og fjell

Påska 2013

Sunniva har nådd toppen etter ein strevsom tur, flink jente
Sunniva har nådd toppen etter ein strevsom tur, flink jente

No er det lenge sidan eg har oppdatert denne nettsida, og det har hatt mest med jobbsituasjonen min å gjere. Det siste året har vore svært travelt, og det var godt å få nokre dagar med påskefri.
Påska i år har værmessig, vore heilt fantastisk! Det har fram til no vore så lite snø at om ein vile ta ein tur på Melshornet, så burde ein gjere det med ski som det ikkje gjer noko at ein øydelegger, men no har det vore nysnø og fantastisk fint vær.
Familien har alle vore ein eller fleire turar på Melshornet på ski, ein tur som lokalt vert mykje brukt til rekreasjon og trim. Setter inn nokre bilder som viser kor flott det har vore.

Ørstafjella speglar seg i fjorden, eit fantastisk skue
Ørstafjella speglar seg i fjorden, eit fantastisk skue
Mykje folk å snakke med, Sigurd er snar klar for nedfarten, heldigvis med slalomski.
Mykje folk å snakke med, Sigurd er snar klar for nedfarten, heldigvis med slalomski. Systra mi, Siri til venstre, Maria, Janne, Hogne (venn av Stig) og Sigurd
Ut frå trakket i løypa så ser ein at trafikken er stor
Ut frå trakket i løypa så ser ein at trafikken er stor

Den Julianske borg

Vi fann den Julianske borg til tross for ei tjukk skodde, godt med ein kjent vegvisar.

Laurdag 28 juli var vi på veg heim etter å ha handla inn til laurdags-pizzaen, då vi bestemte oss for å vere med på turen til den julianske borg i regi av Naturfestivalen . Vi tenkte det var ein liten og snar tur, så vi beordra ungane til å ha ferdig pizza til kl.19.00, pakka sekken med kjeks og vatn og sette kursen for Myklebust på Vartdal. Der møtte vi guide Roar Sætre , som ikkje følte seg heilt sikker på at vi skulle kome fram til den julianske borg denne dagen, då skodda låg tjukk ned i Vartdalsfjella.

Her var gjengen som starta på turen

Vi gjekk rett opp frå Myklebust, og det vart raskt nokså bratt. Det hadde regna ein del siste dagane, så stien var sleip og glatt og vi måtte ha augene med oss når vi gjekk.

Bratt lende som vart brattare etter ei stund

Når vi kom oppom tregrensa tok vi ein liten rast med litt mat og drikke og kvile for sprengde lårmusklar, vi ante at dette vart ein meir krevande tur enn vi hadde tenkt. Skodda letta ei lita stund slik vi såg noko av terrenget vidare og det var vesentleg mindre bratt og meir lettgådd enn første del av turen.

Skodda letta litt så vi såg kvar turen bar…

Litt oppe i fjellsida viste Roar Sætre oss ein stor kvit stein som ligg åleine mellom all granitten og Janne Kristin måtte prøvesitte den for fotografen.

Etter å ha gått over ein snøbrede fann vi den julianske borg, takka vere guiden vår. No var skodda så tjukk at vi var alle einige om at vi ikkje hadde funne den åleine. Synd var det også at den hindra oss i å sjå dei flotte fjella som omkransar Vartdal, men det var ikkje mykje å gjere med denne dagen.

Den Julianske borg på Vartdal

Vi hadde ein flott tur, det var berre synd vi var såpass få deltakarar, men det var dei som ikkje vart med sitt tap. Når vi kom heim, litt seinare enn rekna med, venta ungane med pizza som smakte utmerket etter all trimmen.

Av Jon Inge Vinjevoll

Tur til Spjutøya

Flott dag for alle på Spjutøya på pinsafta

Vi lot årets første båttur gå til Spjutøya, ei øy utanfor Ulsteinvik som er eigd av Spjutøyslekta. Der var Jarle og Iren med familie allereie og fleire kom til utover dagen. Vi hadde ein flott dag med saging av nedfallstømmer og grillmat i pausene.

Stormen i Romjula hadde tatt godt for seg på Spjutøya
Denne "vasen" prøvde Jarle Bjørdal å løyse
Midt inne i treet som vi skulle ta vekk, låg desse stakkarane, dei plasserte vi i eit anna tre....
Så var det å sette seg i båten og ta turen heim.

Kolåstinden på ski (1432 m.o.h)

Janne Kristin på toppen av Kolåstinden for første gang

 

19 mai var vi invitert av vår gode venn Frank Vatne til å komme i 40-års dagen hans. Han og 3 av hans beste venner hadde slått bursdagane sammen og leigt Standalhytta til tidenes 40-års kalas. Om du ville kunne du overnatte der heile helga, og det var det faktisk ein del som gjorde. På laurdagen var det planlagt ein tur til Kolåstinden på ski for den som ville og eg og Janne melde oss på. Vi hadde snakka om at vi burde vore ein tur på denne flotte toppen no når vi hadde fått oss så godt Randonnè-utstyr, så for oss var dette ein fin anledning.

Været som var meldt var først litt skya, men seinare skulle skydekket bryte opp og sola skulle flomme over dei sunnmørske alpar. Vi fekk desverre ikkje klaff med været, så når vi kom opp på toppen, såg vi knapt oss sjølve. Likevel hadde vi ein flott tur, nesten ingen vind og passeleg temperatur for fysisk aktivitet. Alle som var med hadde gløymt å smørje seg med solkrem, så det var lett å sjå på festen på kvelden kven som hadde vore med på fjellturen, vi var hummerraude i ansiktet.

Seinare på kvelden vart det servert heilgrilla gris med salat og potetsalat, heilt himmelsk godt var det. 40-års laget var framleis i full gang når vi reiste heim i 01.00-tida, vi hadde hatt det kjempekjekt ilag med dei fire 40-åringane og alle vennane deire. Takk for turen og det flotte selskapet

Vi fekk spenne på oss skia berre 150 meter frå Standalshytta, så det er enno godt med snø i fjellet

 

Det gjekk mange mindre ras denne dagen så vi måtte halde oss til hovedløypa

 

Sola ville så gjerne gjennom skydekket, men skodda var for tjukk...

 

Det var godt det ikkje bles denne dagen slik at vi hadde gode løyper å gå etter, ikkje lett å sjå kvar ein skulle uten dei

 

Når vi var på veg ned kom endeleg sola og vi fekk ein flott ettermiddag og kveld i selskapet på Standalhytta

 

Her kan du sjå ein video frå toppen som er teken frå liknande forhold, men på eit anna tidspunkt.

Dette er ein video frå nedfarten etter å ha vore på toppen slik den kan vere tidlegare på vinteren.

Eidskyrkja 1482 m.o.h

Eidskyrkja, endeleg oppe etter ein lang tur

Søndag 29.04.12 var ein sjeldan flott dag og eg hadde sotte ei heil veke på skulebenken i Trondheim, difor var eg rask med å foreslå for Janne Kristin at vi skulle ta oss ein skitur til Eidskyrkja. Vi kom oss litt seint av garde, men vi starta frå Skinnviksætra ca. kl.12.00. På parkeringsplassen stod ca 10 bilar frå før, så sjølv om vi ikkje hadde teke turen før, visste vi at andre gjekk i vegen føre å trakka løype. Dette er ein ca.3 timer lang tur, som dei fleste kan greie, men eg er glad vi hadde Randonnè-utstyr.

Her ser du noko av løypa og "passet" vi skulle gjennom på toppen av breen
Ein liten pust i bakken, det skulle bli fleire....
Det var i grunnen stigning heile vegen, Janne var stort sett langt foran meg så eg tok eit bilete når eg først var så nær..
Nokre var lure og åt litt mat før siste oppstigning, det var ikkje vi, så vi åt ikkje før i bilen på vege heim
Det var nydeleg sol heile vegen, men det bles ganske heftig dess lenger mot toppen vi kom
Vi vart belønna med ei super utsikt over fjellheimen på Sunnmøre

Testtur til Melshornet

Det er godt å komme opp på toppen

Vi har endeleg investert i nye ski, såkalt Randonnè-utstyr, og etter vekesvis med regn og vind, var det godt å kunne spenne på seg skia og gå ein trimtur på det populære Melshornet.
Vi storkosa oss og Janne syntes det var utruleg at godt utstyr kan ha så mykje å seie for turopplevelsen.
Her ser ein at det minkar på snøen på toppen, men ein får tru den varer over påske.

Det er ei fantastisk utsikt ut mot øyane og havet på ein flott seinvinters dag !

Førjulstid

Scott og eg har vore ute på tur, og han har fått skikkeleg vinterpels 😉

 
Førjulstida er ei travel tid, vi baker kaker og deltek på alle slags avslutningar. Kong vinter har vore snill med oss så langt, men no lavar det ned ute og far har måtta løyst fresaren. Maria har vore med på 4H-avslutning og der fekk dei kjøre slede med Bornstein på Brudevollen, og det var ein opplevelse.

Nesten heile familien i sving med kakebaking
4H-avslutning med sledetur på Brudevollen

Siste turen på Vallahornet i år?

Slideshow

Den 2/10 var ein flott haustdag, og ein tur på trimfjellet «mitt» bak huset frista. Min trufaste turkamerat, Scott, var ikkje vanskeleg å be, og vi fekk ein flott tur. Ikkje mykje folk ute denne dagen til trass for for det flotte været, men vi traff no nokre få. Når vi har hatt ein så dårleg sommar som i år, så må ein kome seg ut i fjellufta når været tillet det!

Kvamsedalen

Starten på turen framom kvistadsetra

Når regnet høljer ned over vestlandet(som det forøvrig har gjort det meste av hausten 2011) er det godt å kunne ta fram bilder frå ein av dei få fine fjellturane som vi hadde i sommar. Siste helga i Naturfestivalveka i år, hadde dei i programmet ein tur som gjekk til Vasstøylvatnet og Kvamsedalen, og Kvamsedalen hadde eg lenge tenkt at eg skulle ha sett. Janne Kristin (kona), Scott (hunden) og eg var ein time for seint ute til å få vere med på den guida turen, men vi valde å berre starte og så håpa vi at dei andre ikkje var komne så langt på veg.

Vår flotte tibetanske spaniel, Scott, var ein villig deltakar på turen. Spennande med sauer i området...

Vi starta med å kjøyre fram i Kvistaddalen, og gjekk same vegen som om vi skulle på Skårasalen. Vi gjekk nesten fram til Vasstøylvatnet, og fylgde stien opp fjellsida til venstre. Når vi hadde kome i rett høgde, gjekk vi berre innover på venstresida av fjellvatna. Når vi kom inn til det siste, fann vi den gruppa med folk som vi i utgangspunktet hadde tenkt å fylgje, og slo oss ilag med dei på resten av turen.

Fjellvatna mot KvamsedalenVi tok igjen gruppa vi gjerne ville fylgje, etter ei stund.

 

Vi tok igjen gruppa vi gjerne ville fylgje, etter ei stund.Her ser du nedover dalen som er langstrakt ned mot vatnet

 

Her ser du nedover dalen som er langstrakt ned mot vatnet

Dette er i all hovedsak ein tur dei fleste kan meistre, men ein må sette av dagen då det er noko avstand å tilbakelegge. Vi fortsette over skaret og nedover dalen mot Kvamsedalsvatnet og setra, og etter ein liten stopp der, valde vi å fortsette forbi vatnet til vi kom fram i opninga av dalen mot Hjørundfjorden. For eit syn!!

Heile Bjørke-området opna seg på ein heilt ny måte, det var ei fabelaktig utsikt !Vi var godt fornøgde med at vi hadde tatt turen, ikkje dei store tindane, men like fullt ein stor opplevelse.Vi var godt fornøgde med at vi hadde tatt turen, ikkje dei store tindane, men like fullt ein stor opplevelse.Vi var godt fornøgde med at vi hadde tatt turen, ikkje dei store tindane, men like fullt ein stor opplevelse.

 

Vi var godt fornøgde med at vi hadde tatt turen, ikkje dei store tindane, men like fullt ein stor opplevelse.

Vegen heim var utan dei store høgdepunkta (foruten at båtførar Olsen m/kone bada i fjellvatna), men når vi kom heilt nedatt til bilen på kvistadsetra, fekk vi sjå ein sjarmerande krabat og brørne hans som viste seg fram for oss. Ei oppleving som sette prikken over i’en på ein flott dag for oss.

Er eg ikkje flott?