Kategoriarkiv: Jakt

Fantastisk jakt på hjort

image

Endeleg kom fineværet og eg tok turen til Bjørke for å jakte hjort. Morgonjakta nede i bygda var resultatlaus, så vi tok turen opp på fjellet for å sjå etter dyr der. Høgt oppe i sidene såg vi 10-15 dyr som vi ville prøve oss på. Terenget er bratt og ekstremt uframkomeleg, så det tok si tid å komme i stilling. Eg fekk plutselig sjå tre spissbukkar som kom mot meg på rekke, og eg fekk tatt to av dei. Vi hadde ein voldsom strabasiøs tur ned igjen, men det gjekk til slutt.

image

image

Hjortejakta 2010 på Bjørke

Sjølv om ein bukk ligg ved føtene kan ein ha flaks og sjå andre

Jakta i år har vore god for vårt jaktlag, Åkre og leira jaktlag. Vi skulle felle 21 dyr, og til dd er vi komne til 19 felte og det er vi rimeleg fornøgde med. Under får du sjå nokre av bileta vi har teke under årets jakt.Alle bilder i dette innlegget er tekne av Svein Otto Melheim.

Per Magne Mork er stolt jeger med bukken tatt i tverrslaget mot Tussedalen
Vi planlegg nedturen til bygda
Her har slitet begynt, men med mange til å drage, går dette fint
Svein Otto fellte mellom anna ein flott bukk på Åkre, det hjelp å kunne kunsten å brøle til seg bukkane

Flott søndag på Bjørke

Været var kanskje noko «ujamnt», men vi fann ut at det hadde vore kjekt med ein tur til Bjørke i Hjørundfjorden. Vi har ikkje vore der sidan i fjor haust i hjortejakta, og då var det vel far i huset som var der mest. Det foregår eit stort arbeide på Kvivsvegen også, og vi ville sjå kor langt dei var komne i dette arbeidet, på veg innover.

Vi gjekk først ein tur inn på kafeen som skal vere open kvar søndag sommaren gjennom og kjøpte oss is og kaffi, der var det fullt hus med svært mange besøkande. Så fekk ungane fiske ei stund i sjøen, men vi fekk heldigvis ikkje fisk, det vert berre arbeid med slike små mortar 😉 Så var det besøk på leira hos Karl Olav Aakre, søskenbarnet til kona mi, Janne, før vi reiste heim godt fornøgde med dagen.

Her ser ein at det meste er klart for opning i juni
Her ser du oppover mot øvre Aakre
Her ser du korleis Mesta har flidd etter seg
Jettegryta var det mange som kikka på denne dagen
Når det veks til på markane, vert det vel ikkje så verst?

Sivert`s første jakttur

Sivert var på besøk hos onkel i Ørsta, då han fekk nyss i at onkel skulle på nattjakt natt til 10/10-09. Det ville han vere med på, det var spennande. Sivert fekk beskjed om å reise ned til Besta å smøre med seg niste og ta på seg alle dei varme kle han hadde med. Vi hadde ein time å kjøyre før vi kom inn til Leira, og på den turen fekk vi sjå mange hjort som hadde komt ned på markane for å ete. Sivert og onkel valde å postere oppom eit hus midt i dalen, av erfaring visste onkel at der kom mange dyr til å passere på veg til beite. Etter ein halv time kom det to dyr forbi, og etter å ha sikta på dei ei stund, skaut onkel det eine. Det var litt mørkt, så det gjekk litt tid før vi fann henne igjen. Ho hadde sprunge berre 10 meter, ned til skogkanten. Vi henta traktoren og fekk kolla opp til slakteplassen på Sellereite.

Her er Onkel og Sivert og ei flott kolle
Her er Onkel og Sivert og ei flott kolle

Då var det berre å slipe knivane og begynne. Sivert var ikkje sein om å finne sin eigen kniv, og onkel var imponert over kor flink han var å flå. Etter litt tid og litt instruksjon vart han rett dreven.

Her er Sivert i full gang med å flå kolla han var med på å skyte
Her er Sivert i full gang med å flå kolla han var med på å skyte

Etter at kolla var ferdig flådd og hengt opp, vart Sivert trøytt. Heldigvis hadde han med dyna si, så då gjekk han i bilen å la seg, mens onkel og dei andre jegarane jakta ei stund til. Det vart eit dyr til denne natta, ein tolvtaggar som vart teken i Bakkedalen, men då var det så seint at vi var reiste heim. Vi kom heim kl.06 om morgonen, og då var det deilig å legge seg i ei god og varm seng. Sivert gler seg til neste gang han kan vere med onkel på jakt 😉

Hjortejakta 2009

Årets hjortejakt er som kjent komen godt i gang, og eg har vore heldig hittil i år. Første dagen skaut eg kolle og spissbukk i Bakkedalen, eit fjellområde der dyra står berre første veka i jakta. Tre dager etterpå vart det kolle og spissbukk nede på Leira . Denne helga var første fullmåne etter jaktstart, og då bedriver jaktlaget mitt spennande nattjakt. Dette er årets andre høgdepunkt, jaktstart er det første 😉

Natt til laurdag skaut eg denne fine 10 taggaren på innmark på Leira. Den vart skoten 01.55, og det var rett før det skya over. Innmarka krydde av dyr, vi såg iallefall 20-25 berre der vi var.

Per Magne Mork og Roger Bjørke hadde teke kvar sin 10 taggar natta før, så der hang 3 flotte slakt inne på løa på Sellereite. Vi manglar 9 dyr enno, så det kan enno vere ein sjanse for fleire flotte jaktopplevelsar i år.

Eg og Oddvin Myklebust bak ein fin 10 taggar teken på Leira
Eg og Oddvin Myklebust bak ein fin 10 taggar teken på Leira