Kategoriarkiv: Hund

Siste turen på Vallahornet i år?

Slideshow

Den 2/10 var ein flott haustdag, og ein tur på trimfjellet «mitt» bak huset frista. Min trufaste turkamerat, Scott, var ikkje vanskeleg å be, og vi fekk ein flott tur. Ikkje mykje folk ute denne dagen til trass for for det flotte været, men vi traff no nokre få. Når vi har hatt ein så dårleg sommar som i år, så må ein kome seg ut i fjellufta når været tillet det!

Kvamsedalen

Starten på turen framom kvistadsetra

Når regnet høljer ned over vestlandet(som det forøvrig har gjort det meste av hausten 2011) er det godt å kunne ta fram bilder frå ein av dei få fine fjellturane som vi hadde i sommar. Siste helga i Naturfestivalveka i år, hadde dei i programmet ein tur som gjekk til Vasstøylvatnet og Kvamsedalen, og Kvamsedalen hadde eg lenge tenkt at eg skulle ha sett. Janne Kristin (kona), Scott (hunden) og eg var ein time for seint ute til å få vere med på den guida turen, men vi valde å berre starte og så håpa vi at dei andre ikkje var komne så langt på veg.

Vår flotte tibetanske spaniel, Scott, var ein villig deltakar på turen. Spennande med sauer i området...

Vi starta med å kjøyre fram i Kvistaddalen, og gjekk same vegen som om vi skulle på Skårasalen. Vi gjekk nesten fram til Vasstøylvatnet, og fylgde stien opp fjellsida til venstre. Når vi hadde kome i rett høgde, gjekk vi berre innover på venstresida av fjellvatna. Når vi kom inn til det siste, fann vi den gruppa med folk som vi i utgangspunktet hadde tenkt å fylgje, og slo oss ilag med dei på resten av turen.

Fjellvatna mot KvamsedalenVi tok igjen gruppa vi gjerne ville fylgje, etter ei stund.

 

Vi tok igjen gruppa vi gjerne ville fylgje, etter ei stund.Her ser du nedover dalen som er langstrakt ned mot vatnet

 

Her ser du nedover dalen som er langstrakt ned mot vatnet

Dette er i all hovedsak ein tur dei fleste kan meistre, men ein må sette av dagen då det er noko avstand å tilbakelegge. Vi fortsette over skaret og nedover dalen mot Kvamsedalsvatnet og setra, og etter ein liten stopp der, valde vi å fortsette forbi vatnet til vi kom fram i opninga av dalen mot Hjørundfjorden. For eit syn!!

Heile Bjørke-området opna seg på ein heilt ny måte, det var ei fabelaktig utsikt !Vi var godt fornøgde med at vi hadde tatt turen, ikkje dei store tindane, men like fullt ein stor opplevelse.Vi var godt fornøgde med at vi hadde tatt turen, ikkje dei store tindane, men like fullt ein stor opplevelse.Vi var godt fornøgde med at vi hadde tatt turen, ikkje dei store tindane, men like fullt ein stor opplevelse.

 

Vi var godt fornøgde med at vi hadde tatt turen, ikkje dei store tindane, men like fullt ein stor opplevelse.

Vegen heim var utan dei store høgdepunkta (foruten at båtførar Olsen m/kone bada i fjellvatna), men når vi kom heilt nedatt til bilen på kvistadsetra, fekk vi sjå ein sjarmerande krabat og brørne hans som viste seg fram for oss. Ei oppleving som sette prikken over i’en på ein flott dag for oss.

Er eg ikkje flott?

Ein flott vårtur til Lidaveten

Eg og Scott med inngangen til Rovdefjorden i bakgrunnen

Janne Kristin og eg hadde bestemt oss for å avspasere litt denne dagen om veiret vart bra, og dagen kom med strålande sol med litt skyer innimellom. Flott dag for ein fjelltur tenkte vi og gjorde frå oss husvasken i ein fei.

Vi tok med hunden vår, Scott, som klarte stort sett å gå oppover, men turen ned vart litt bratt for ein med så korte framføter 🙂 og far måtte bere han dei brattaste partia.

Dette er ein flott tur som mange kan klare, men der er heilt klart bratte parti ein må forsere og det er kanskje ikkje turen for dei heilt minste. Ver litt lur, kom deg ut på tur 😉

Dei to sprekingane mine med Ørstafjorden i bakgrunnen
Utsikta utover mot havet er fantastisk på ein slik dag!!

Sløyfe til Scott i kvalpeshow

Scott fekk "best i motsatt kjønn valp" på hundeutstilling i Ålesund

Vi har vore i Ålesund i dag på hundeutstilling og Scott fekk grøn og kvit sløyfe, og verkeleg flott omtale av hunden, så vi er godt fornøgde med dette då vi ikkje hadde nokon forventningar før vi reiste. Gratulerer Scott 🙂

Bli ferdig nå då !!!

17 mai 2010

Starten på 17 mai toget i ørsta

Slik såg 17 mai ut i Ørsta i år. Opplett, men med regntunge skyer lavt over Ørsta sentrum. Vi hadde med ein «ny» deltakar i 17 mai kaoset til familien Vinjevoll, hunden vår Scott. Han synest at det var i overkant spennande med alle desse borna som ropa og gaula, samstundes som dei bles i fløytene sine det beste dei kunne. Det gjekk fint og neste år stiller han igjen med eit heilt års erfaringer på baken.

Her ser du alle våre fire håpefulle 🙂

 

Er eg ikkje flott vel ?

Vårt nye familiemedlem

Den 17/3 kom Scott for å bu med oss, turen frå Gardermoen til Ørsta med fly gjekk som ein draum. Jon Inge hadde gleda seg til å treffe Scott, men hadde gra seg litt for turen, men heil utan grunn viste det seg. I starten tok det litt tid før vi lærte kvarandre å kjenne, vi kjende på frustrasjon når han gjorde frå seg inne til tross for vi nett hadde vore ute. Dette skjedde ikkje mange gongane, og no snakkar me meir det same språket, Scott har vorte ein trygg og god hund.

Her er vi på hytta på Krøvelseidet der Scott får kose seg ute
Her er vi på hytta på Krøvelseidet der Scott får kose seg ute

Vi har meldt oss på eit kvalpekurs i Ørsta, både for å lære meir om hund og hundehald generelt, men sjølvsagt også for å få til ein god kommunikasjon med Scott. Han var litt skeptisk i starten med så mange ukjende folk og hundar, men etter eit par kveldar er han no svært «husvarm» i møtet med andre kvelpar og synest det er fryktelig kjekt å møte dei att. Han er lærevillig og flink, og det hjelper mykje om far har med seg nokre godbitar når nye kommandoar skal innlærast 🙂

Her treff Scott "Day dreamer" frå Frei
Her treff Scott "Day dreamer" frå Frei

Scott har lagt si sjel i å utforske nærområdet rundt huset, og den mest spennande plassen som finnast er under terassa. Der finnast det nemleg katteskit i store mengder, det fekk vi erfare då han greidde å lure seg under der ein dag jentene var ute å lufta han. Han kom fram igjen som ein einaste stor kattedrit, og det var ingen bøn, han var nøydd til å gå rett i badet. Vi tenkte at det ville han ikkje like, men det gjekk i grunnen nokså greitt sjølv om han synest det var godt å komme seg ut av karet etterkvart.

Har ein "bada" i katteskit, lyt ein ta fylgjene ;)
Har ein "bada" i katteskit, lyt ein ta fylgjene 😉

For oss ser det ut til at Scott har funne ut at vi er ein grei gjeng å bu hos, vi er nok stort sett alt for snill med han 🙂 Han er ein flott liten hund som vi håper vi får mykje morro ilag med. Som du kan sjå på neste bilete er favorittplassen på einkvan sit fang foran tv’en.

Kjem du å forstyrrar no når vi hadde det så kjekt......?
Kjem du å forstyrrar no når vi hadde det så kjekt......?

Fortsettelse følger etterkvart tenker eg….

Jon Inge

Då har vi endeleg bestemt oss :)

Etter mykje att og fram, klarte vi endeleg å bestemme oss for ein kvalp! I går kveld ringte vi til eigaren av kennelen Frolandstibbene og etter litt spørsmål omkring overlevering, tok me til vetet og berre bestemte oss. Det gjorde oss glade, for det har vore mykje grubling på kva hund vi skal velge. Vi har for så vidt ikkje tenkt å bruke hunden i utstilling eller i avl, men vi ønsker å kjøpe ein hund med god stamtavle og gode aner slik at vi kan ha den muligheita seinare om vi vil.

Vi er også «grøne» på hund og kan lett verte offer for useriøse aktører på markedet. Det var derfor vi valde ein kjent og skikkeleg kennel, håper at dette kan svare til alle si forventning. Forventningar har iallefall ungane, og no flyg forslag til namn høgt og lågt i heimen, vi må ta eit familieråd etterkvart og bestemme oss.

Far i huset skal nedover den 17/3-10 for å hente han, det vert ein stor dag 🙂

Her er go'gutten vår, foreløpig uten namn
Her er go'gutten vår, foreløpig uten namn