Kategoriarkiv: Høgtider

Jula 2016

Desember 2016

Då er vi i år igjen langt inne i førjulstida utan at eg har klart å laga julebrev som beskreiv rikets tilstand slik eg brukte gjere før.  2016 har vore eit år med både godt og vondt, slik livet vanlegvis brukar være. Svigerfar Karl (Kalle) Magne Spjutøy fekk hausten 2015 påvist ein alvorleg kreftsjukdom som legane ikkje kunne behandle. Vi fekk følgje han og Olaug denne tida fram mot den dagen han døydde tidleg i mai. Han fekk vere heime heilt fram til siste veka og det veit vi han gjerne ville. Slekt og vener både frå fjer og nær kom og deltok i gravferda, det er familien takknemlige for. Olaug ville fortsette å bu i huset deira på Egset, og sjølv om vi var litt skeptiske i starten så ser vi at det har gått fint.

Maria var ferdig på Folkehøgskulen då i Mai 2016 og har teke seg eit friår der ho har jobba både i barnehagar og innan PU-omsorga i Ørsta. Dette har ho trivast godt med og ho legg seg opp litt pengar til neste år når ho skal flytte til Trondheim for å gå på skule seier ho.

Sunniva er ferdig utdanna barnehagelærar og fekk seg fast jobb i ein barnehage i Ørsta. Sander kom inn på linja for eigedomsmekling i Sogndal og starta der i haust. Dette gjorde at eldstejenta flytta heim for eit års tid, og har igjen fått rom på loftet i Lyngvegen. Vi foreldra synest det er flott å ha alle tre borna heime igjen, men det er ikkje til å legge skjul på at det krev noko ekstra av alle når vi skal bu så tett igjen.

Sigurd var ikkje nøgd med at begge systrene flytta heim og verst av

dav

alt, dei krevde romma sine tilbake og han måtte returnere til guterommet. Han går i 9 klasse på ungdomskulen og trivast godt. Handball er den store interessa på fritida, og han har talent for dette ser vi.

Janne Kristin og Jon Inge har begge dei same jobbane som vi har hatt dei siste åra, ho styrar i Kvitveisen barnehage og Jon Inge arbeider i fagavdelinga i Helse Møre og Romsdal. Vi kjøpte oss hytte i Stryn i 2013 og den har vi vore flinke å bruke heile familien. Vi har fått mykje besøk av vener der og det håper vi fortsatt vi vil få. Det er eit fantastisk flott turområde både i Stryn og i Ørsta som vi har nytta oss av, men ikkje nok synest vi sjølve. Vi får ha høgre ambisjonar for neste år.
Vi har også brukt ein del av ferien i år til å lage terrasse utanfor hytta, men vi vart ikkje heilt ferdige avdi underteikna fekk eit saligt ryggonde som førte til ei naturleg avslutning på byggeaktiviteten. Det vi ikkje rakk i år lyt vi ta igjen til neste år, ein skal vel aldri verte ferdig med slike prosjekt, det er godt å ha litt å styre med.

Årets ferie gjekk til Oslo og vi besøkte operahuset, slottet og

Vigelandsparken

vigelandsparken slik eig god turist skal gjere i hovedstaden. Vi fekk også tid til litt shopping og til å ete på restaurantar vi elles ikkje har så nær oss. Vi reiste vidare til gode vener av oss i Tønsberg og fekk nokre flotte dagar hos dei med ei kjensle av korleis ein sommar skal vere, vi er ikkje godt vande. Dei tok oss med på båtturar og vi fekk seine kveldar i lag på terassa med grillmat kvar dag, det er sjeldan kost for ein sunnmøring.

I haust har det vore mykje tid til jakt for Jon Inge sin del, dei siste åra har jobben hindra at han har kunna delteke slik han ville, men ikkje i år. Dette resulterte i nokre flotte minner, og høgdepunktet var når han skaut bukk og kolle oppe i blåbærhola over Leira.

Scott fyller straks 7 år og er ein kjekk kar. Han vert meir enn gjerne

sdr

med på ein fjelltur eller berre ein tur på hytta. Han er veldig glad for at flokken er samla i år, han liker det best slik.

Ei God Jul og eit Godt Nytt år til alle kjende frå oss i Lyngvegen

God Jul og Godt Nyttår

Her er nokre bilder som beskriver noko av det som familien har opplevd i 2013. Vi ønsker ei God Jul og eit Godt Nyttår til alle kjente frå oss i Lyngvegen

Sigurd er 10år!

Grattis med dagen din Sigurd

I dag har guten vår, Sigurd, stor dag. Han fyller 10 år og har endeleg fått seg mobil (som sistemann i klassa ifølge han sjølv). I morgon vert det feiring med gutane i klassa, og laurdag slekt og venner, så feiringa tek vi tre dager til ende. Gratulerer med dagen din Sigurd frå familien din.

Godt Nytt År

Nyttårsfeiring i Lyngvegen, Ørsta

Vi vil ynskje alle kjende eit Godt Nytt År og takk for det gamle. Vi feira som vanleg denne kvelden ilag med mine søsken på vinjevollen hos mor og far, men måtte reise heim i 23 tida då minstemann begynte å spy 🙁 Det kjem seg vel etterkvart, men vert ei travel natt.

Juleorkanen 2011

Nausta til Vinjevollslekta er raserte av orkanen

Natt til andre juledag slo orkanen «Dagmar» til med full kraft på Vestlandet. Lyset gjekk først ein gong på kvelden, men kom igjen, for berre litt seinar å verte vekke for ei lenger periode utover natta. Ungane syntes dette var litt nifst, og dei minste fekk ligge i storesenga hos pappa. Det knaka og braka i huset gjennom heile natta, så vi visste at den hadde fare hardt åt, men likevel vart vi overraska over omfanget når vi på morgonkvisten tok oss ein tur for å sjå. Vårt eige hus hadde heldigvis greidd seg igjennom uten skadar.

Desse hadde mist størstedelen av takplatene sine
Kaihuset og området rundt var rasert
Ganstien var full av pukk og ein båt hadde stranda her, langt inne på land.
Vi kjørte over gjøstølen mot Egset og der var mange tre over vegen og nokre hadde falle over hustak og inngangsportar som her

Førjulstid

Scott og eg har vore ute på tur, og han har fått skikkeleg vinterpels 😉

 
Førjulstida er ei travel tid, vi baker kaker og deltek på alle slags avslutningar. Kong vinter har vore snill med oss så langt, men no lavar det ned ute og far har måtta løyst fresaren. Maria har vore med på 4H-avslutning og der fekk dei kjøre slede med Bornstein på Brudevollen, og det var ein opplevelse.

Nesten heile familien i sving med kakebaking
4H-avslutning med sledetur på Brudevollen

Julegrantenning i Skåla 2010

Julegrana i Skåla vart tend i år også

I år hadde Primus motor for utfarta i friluftsløypa i Skåla, Johan Øye, slått på stortromma. Sangkor var bestillt inn frå Møre Folkehøgskule og dei siste 14 dagan før denne dagen, hadde han og andre bore opp bord og benker, mat og drikke.

Det vart ein klar og flott kveld, men med streng kulde som gjorde at det vart ferre som tok turen enn tidlegare år. Dei som trossa kulda og kom likevel, vart ikkje værande lenge avdi dei raskt begynte å fryse. Vi som møtte opp likevel, fekk ei flott oppleving og ein voldsom start på kjensla av at jula nærmar seg.

Scott, Janne kristin, Sivert og Sigurd med Juletreet i bakgrunnen
Borna fekk medalje ved ankomst og ein fekk også kjøpe seg mat og drikke om ein følte for det