Kategoriarkiv: Fiske

Fiske i Ørstaelva

Borna var ivrike og flinke utan at det førte til den heilt store fangsten

Onsdag 1 august hadde Ørsta Jeger og Fiskeforening invitert born og unge til fiske etter laks og aure i Ørstaelva. Arrangementet var ein del av aktivitetane til Naturfestivalen som gjeng av stabelen denne veka.
Dette fann Sigurd ut at han ville vere med på, og vi vart ikkje åleine. Det var mange born som hadde fått med seg foreldra sine på dette, og sjølv om fangsten til dei fleste ikkje var stort å skrive heim om, såg vi at alle hadde det kjekt.

Denne karen fekk seg ein fin sjøaure og var vel dagens vinnar om ein såg på størrelsen

Etter ei tid trekte folk ned mot Laksetunet, lagshuset til Jakt og fiskelaget, der det vart servert grillmat og brus til borna og kaffi til dei vaksne. Det var omvisning i Laksetunet og området ellers, men det alle såg fram til, var kastet som skulle gjerast etter stamfisk når ein var ferdige å ete. Borna fekk vere med å drage sammen nota og spenninga var stor, hadde ein greidd å fange ein laks eller to?
To sjøaurar vart resultatet og dei vart frakta opp i kara som sto klar utanfor lagshuset.
Det vart også tid til ein liten redningsaksjon der ein klarte å få tak i ei and som hadde vikla seg inn i ein Rappala-sluk. Anda var så fast at eine foten var komen opp på ryggen på henne og eine vengen fungerte heller ikkje. Tor Åsen fekk tak i henne og fekk løyst opp floken og slept henne fri.
Ein flott dag med mange inntrykk både for små og store.

Anda hadde rota seg inn i ein Rapala-sluk, men dette ordna karane.