Kategoriarkiv: Ferie

Sommaren 2016

Disneyworld Magic Kingdom i Florida

Flott lyssetting på slottet til Askepott i Magic Kingdom
Flott lyssetting på slottet til Askepott i Magic Kingdom

I går var det besøk i Disney sin park Magic Kingdom. Far fekk eit par nye vannblemmer, og ungane mange nye flotte opplevelsar. Lysshowet og fyrverkeriet på kvelden var absolutte høgdepunkt, men mange andre kjekke ting å sjå og vere med på også.

Sander ser litt skeptiskut, ikkje sikker på om dei er levande?
Sander ser litt skeptiskut, ikkje sikker på om dei er levande?
Parade om dagen
Parade om dagen
Parade om kvelden
Parade om kvelden
Slottet sett i dagslys
Slottet sett i dagslys
Maria ilag med Minnie og Walt Disney
Maria ilag med Minnie og Walt Disney

Fort Lauderdale i Florida

Utsikta frå hotellet
Utsikta frå hotellet

På veg heim frå Key West tok vi ein stopp i Fort Lauderdale, ein mykje kjent destinasjon for start og stopp for ein Cruiseferie. Vi var faktisk positivt overraska over kvaliteten på strand, mat og liknande, men hotellet var så som så til tross for mange stjerner. Vi kosa oss der fram til kvelden, fekk med oss ein tur på Macy’s også, før vi reiste vidare tilbake til

Sigurd koser seg i den varme sanden. Flott strand med dei typiske bølgene for vestkysten
Sigurd koser seg i den varme sanden. Flott strand med dei typiske bølgene for vestkysten
Maria på stranda nedanfor hotellet som vi besøkte i Fort Lauderdale
Maria på stranda nedanfor hotellet som vi besøkte i Fort Lauderdale

t/»>Orlando

Key West i Florida

Her er vi ved det vanlege fotoobjektet i Key West, USA sitt sørlegaste punkt og berre 15 mil til Cuba
Her er vi ved det vanlege fotoobjektet i Key West, USA sitt sørlegaste punkt og berre 15 mil til Cuba

Maria,Sigurd, Janne Kristin og eg tok torsdag morgon bilen fatt og kjørte i 8 timar ned til Key West. Sunniva og Sander orka ikkje vere med på den lange turen, men vi meina at dei gjekk verkeleg glipp av noko.
USA har fantastiske veisystem, så kjøringa går unna med berre nokre få stopp for nødvendige ærend, og vi var så tidleg på plass i Key West at vi fekk med oss solnedgangen og det yrande folkelivet i sentrum på kvelden. Are Mork og Merete Hjellen Mork var komne dit kvelden før, så vi fekk treffe dei ut på kvelden og tok oss ein middag ilag med dei, det var kjekt.
Key West har eit koselig sentrum med spesielle trebygninger, så vi rusla ein del gatelangs og såg på alt og alle. Det var full fest og mykje løye også, så vi hadde problemer med å finne oss ein plass og ete middag ilag for to familier.

Janne og eg med ein flott solnedgang i bakgrunnen
Janne og eg med ein flott solnedgang i bakgrunnen
Maria syntest lyset var fantastisk og tok mykje bilder med eige kamera
Maria syntest lyset var fantastisk og tok mykje bilder med eige kamera
Kunstnarar forsøkte å selge kunsten sin på strandpromenaden
Kunstnarar forsøkte å selge kunsten sin på strandpromenaden
Kjekt å berre sitte å sjå på livet rundt oss
Kjekt å berre sitte å sjå på livet rundt oss
Middag med Are og Merete m/fam var kjekt
Middag med Are og Merete m/fam var kjekt
Typisk trehusbebyggelse i Key West
Typisk trehusbebyggelse i Key West
Det var så varmt at vi måtte trekke inn under tak for å kjøle oss ned med litt drikke.
Det var så varmt at vi måtte trekke inn under tak for å kjøle oss ned med litt drikke.

IMG_5600

Vi stoppa og bada på veg heim. Flott vatn og hærleg å få kose seg litt i det varme vatnet.
Vi stoppa og bada på veg heim. Flott vatn og hærleg å få kose seg litt i det varme vatnet.

Island of adventure Florida

Galtvort, Marias store draum var oppfyllt.
Galtvort, Marias store draum var oppfyllt.

I går var vi i parken Island of adventures, Marias store draum var å få komme dit i løpet av tida vi er her. Tilsvarande er det fars store mareritt å gå ein heil dag i slike parkar, men kva gjer ein ikkje for dei håpefulle.
Vi kom litt seint igang fordi vi trudde at dagen skulle vere fyllt av regn, men ein ny sjekk på yr.no viste seg å vere heilt andre meldingar, så då heiv vi oss rundt. Vi hadde kjøpt bilettane dagen før hos eit firma i Kissemee. Dei har ei håplaus nettside syntes vi, men dei var veldig kjekke og skikkelege når vi besøkte dei og kjøpte bilettane der. Vi fekk prøve mykje forskjellig, men ein del attraksjonar hadde opp i 60-70 minutt ventetid. Det som var mest imponerande i våre auge, var Harry Potter and the forbidden journey. Du store tid kor spennande!!! Vi følte alle at vi var med å flaug på kostane etter Harry og venane hans, imponerade. Maria tok denne 2 gonger selfølgelig.
Eg set inn ein del bilder som viser litt av det vi har vore med på.

Her er vi klar for start utanfor parken
Her er vi klar for start utanfor parken

Tidleg på dag
Tidleg på dag

Sigurd fann stadig ting han ville prøve ut
Sigurd fann stadig ting han ville prøve ut

Her ser De Berg og dalbana til Hulken, den var rå! Eg heldt pusten omtrent heile turen
Her ser De Berg og dalbana til Hulken, den var rå! Eg heldt pusten omtrent heile turen

IMG_5309
Denne såg vi oss ut at vi skulle prøve, men det rakk vi ikkje
Denne såg vi oss ut at vi skulle prøve, men det rakk vi ikkje

Her er landsbyen i Harry Potterland
Her er landsbyen i Harry Potterland

Til tross for 35 grader, greide dei illusjonen av at det var vinter bra
Til tross for 35 grader, greide dei illusjonen av at det var vinter bra

Sander får møte sin personlege tryllestav for første gang, ein stor dag ;)
Sander får møte sin personlege tryllestav for første gang, ein stor dag 😉

Her heng dei aktuelle modellane med kostar for presisjonsflyging, berre å velge
Her heng dei aktuelle modellane med kostar for presisjonsflyging, berre å velge

Vi fekk personleg omvisning utanom køa fordi vi traff ei som jobba der som var norsk, kjekt.
Vi fekk personleg omvisning utanom køa fordi vi traff ei som jobba der som var norsk, kjekt.

Her er guiden vår, han gjekk verkeleg inn i rolla som lærar ansatt på Galtvort, han kunne mykje om det forskjellige vi fekk sjå.
Her er guiden vår, han gjekk verkeleg inn i rolla som lærar ansatt på Galtvort, han kunne mykje om det forskjellige vi fekk sjå.

Harry og venane hans kom og helste på og fekk det mellom anna til å snø inne
Harry og venane hans kom og helste på og fekk det mellom anna til å snø inne

Inne i slottet Galtvort
Inne i slottet Galtvort

Ei velfortent pause og vi sit å ventar på maten
Ei velfortent pause og vi sit å ventar på maten

Maten var faktisk både flott å sjå på og velsmakande. Vi var imponert over korleis dei organiserte seg med så mange kunder i restauranten.
Maten var faktisk både flott å sjå på og velsmakande. Vi var imponert over korleis dei organiserte seg med så mange kunder i restauranten.

Godtebutikken var spennande
Godtebutikken var spennande

Ein liten pust i bakken med eit glas smørterøl, det smakte som karamell og var nok litt i mektigaste laget
Ein liten pust i bakken med eit glas smørterøl, det smakte som karamell og var nok litt i mektigaste laget
Begynt å verte kveld
Begynt å verte kveld

Sigurd har pakka opp sin nye tryllestav og prøver den på far sin som står å tek bilder, simsalabim (sjå neste bilde)
Sigurd har pakka opp sin nye tryllestav og prøver den på far sin som står å tek bilder, simsalabim (sjå neste bilde)

Her ser du resultatet etter at Sigurd testa ut den nye tryllestaven på far sin, det var berre såvidt dei fann meg igjen i bassenget
Her ser du resultatet etter at Sigurd testa ut den nye tryllestaven på far sin, det var berre såvidt dei fann meg igjen i bassenget

ferien har starta i Florida

Bassenget vårt, deilig å avkjøle seg
Bassenget vårt, deilig å avkjøle seg

Då er vi endeleg komne fram til davenport, Florida. Den ferien vi har venta på så lenge, har endeleg starta ! Vi starta med fly frå Ålesund (Vigra) på laurdags morgon kl.06.30 og var framme i Florida meir enn 20 timar seinare. Vi flaug med KLM til Amsterdam og derifrå flaug vi med Delta Airlaines til JFK (New York). Vi hadde fri tilgang til filmar, Tv og musikk på den lengste flyturen, så det var faktisk ikkje så gale å flyge så langt. Når vi kom til New York skunda vi oss å finne bagasjen vår og Jet Blue-skranken, for vi såg vi kunne rekke å komme med eit tidlegare fly til Orlando. Det fekkvi lov til og vi kom oss med, takk og lov. Vi kom fram 3 timar tidlegare enn forventa med denne manøveren, og det vart lenge nok likevel.
Etter ankomst Orlando var det å få bagasjen vår og få utlevert bilen somvi skal ha under oppholdet her. Det var vel meininga det skulle bli ein Toyota Sienna, men det vart ein Chevrolet Suburban 🙂 Ho mor var ikkje så glad for det, men det var far. Svært behageleg bil å kjøre, så det vert godt å ha den når vi skal ut på langtur.
Huset svarte til alle forventningar og litt til! Det er fantastisk stort og konfortabelt. Det er også veldig behageleg å ha bassenget rett utanfor døra når det vert varmt, berre to skritt frå altandøra og du er avkjølt. Været har vore litt skiftande, men varmt og fint. Vi har hatt mykje torden og lyn på kvelden, men det er ifølge dei lokale heilt vanleg her.
Vi har det fint alle sammen foruten at mine 3 barn er godt forkjøla, men det kjem seg nok med litt kvile og godt stell. Eg kjem til å legge ut litt meir bilder og tekst etterkvart, men det lyt bli når eg har ein tidleg morgon for meg sjølv.

Maria har fått oppfyllt draumen om "walk-in-closet"
Maria har fått oppfyllt draumen om «walk-in-closet»
Alle har fått eget rom med tv
Alle har fått eget rom med tv
Ein sliten gjeng er komne fram til huset
Ein sliten gjeng er komne fram til huset
Alt er stort i USA, ein voldsom campingbil vi gjekk forbi på ein gåtur
Alt er stort i USA, ein voldsom campingbil vi gjekk forbi på ein gåtur
Huset frå vei-sida
Huset frå vei-sida
Det vart ein Chevrolet
Det vart ein Chevrolet
Ein nattsvermer som har teke bolig utanfor inngangsdøra vår
Ein nattsvermer som har teke bolig utanfor inngangsdøra vår
Den er svær!
Den er svær!
Sander er litt pysete
Sander er litt pysete
Maria har funne go'plassen
Maria har funne go’plassen
Mi flotte datter Sunniva
Mi flotte datter Sunniva
Ferdig pådekka nå vi kom
Ferdig pådekka nå vi kom
Ein sliten Sigurd
Ein sliten Sigurd
ready for dinner, men det var vi for gåen til når vi kom
ready for dinner, men det var vi for gåen til når vi kom
Senga til mor og far, detter du ned så sår du deg stygt, det er høgt ned.
Senga til mor og far, detter du ned så sår du deg stygt, det er høgt ned.
Janne Kristin sjekker fasilitetane
Janne Kristin sjekker fasilitetane
Sigurd har fått rommet med to senger og han koser seg
Sigurd har fått rommet med to senger og han koser seg
Say no more!
Say no more!

Oppussing

Oppussing av kjøkkenet var det vi starta med først

Denne ferien bestemte vi skulle viast til å få «shina» opp stove og kjøkken i huset vårt i Lyngvegen som er frå 1996. Janne Kristin hadde lenge jobba med å få med seg meg på prosjektet, og til slutt innsåg eg at eg ikkje kom meg unna. Vi starta på kjøkkenet og tidleg var vi inne på ideèn om å erstatte benkeplata med ei steinplate. Vi sjekka litt rundt, men prisen var avskrekkande og gjorde at vi skrinla den ideèn, heilt til eg tråla nettet etter erfaringar med leverandørar av steinplater. Vi fann ein leverandør, Diapol, og her såg vi at fleire hadde hatt gode erfaringar både i forhold til pris, kvalitet og oppfølging. For å gjere ei lang historie kort, vi var kjempefornøgde med dette firmaet, allt holdt seg oppe, alle avtalar, prisen var vesentleg mindre enn norske leverandørar kunne levere for. Vi er fornøgde med oppussinga vår, sjølv om vi enno ikkje er heilt ferdige.

Joe Cocker i Bergen

Slideshow

Vi var ein vennegjeng som tidleg i år fann ut at når Joe Cocker kom til Bergen, då måtte vi berre nytte sjansen og få med oss konserten. Mannen er begynt å drage på åra og kva som helst kunne skje.

Vi fekk ei oppleving heilt utanom det vanlege, med middag  på Egon først og deretter konsert på Bergenhus festning. Takk til dei vi kosa oss ilag med for ei flott helg.

Ferie i Italia

Her er gjengen etter eit flott måltid tillaga av innleigd kokk på vingarden

I år vart ferien lagt til Italia, og vi reiste ikkje åleine! Vi var 5 familier som skulle tilbringe ei veke ilag på ein vingard i Lucca som ligg i Toscana, Nord-Italia. Nokre av familiene hadde allereie vore der ei veke når vi kom 1/7-11, men vi starta i Lucca og hadde 4 dagar i Deiva Marina ute ved Liguria-kysten på slutten av ferien.

Vi hadde ei flott veke ilag med dei andre og bada, sola oss, åt godt, kort sagt alt ein skal gjere som ferierande.

Janne Kristin gjorde så godt ho kunne, men det skeive tårnet i Pisa var framleis skeivt

Det skeive tårnet i Pisa var eit sjølvsagt mål som dei komplette turistane vi var.

Vi budde på ein vingard og då var det sjølvsagt at vi måtte "teste" ut lagervarene.

 

Vi hadde eit eige basseng på vingarden, og med ei steikande sol gjorde det godt med ein dukkert

 

Dette var den byen som låg lengst sør av dei fem byane, Riomaggiore

Vi hadde gleda oss til å sjå dei fem byane, cinque terre, som ligg ute ved kysten og er eit ynda mål for alle turistar som er i dette området. Til tross for enorme mengder menneske så hadde vi ein opplevelse. Vi tok toget til Riomaggiore og så gjekk vi kjærlighetsstien til neste by Manarola. Der tok vi båten forbi Corniglia og gjekk i land i Vernazza der vi bada og åt lunch. Så tok vi båten vidare til Monterosso.

Magne Sylta og dottera Jenny var med på gåturen mellom dei to første byane

 

Corniglia var byen båten gjekk utanom då dei ikkje hadde havn, og eit ras hadde tatt stien

 

I Vernazza bada ungane og vi åt lunch

 

Monterosso

Vandretur i Italia, Cinque Terre

Ein av dei 5 vakre byane

Endeleg er årets ferie bestemt, vi skal til Italia ilag med 4 andre familier i vennekretsen. Vi skal nærare bestemt til byen Lucca i området Toscana. Vi har leigd leilegheiter på ein vingård,  5  separate bueiningar, med eige uteområde og basseng. Med tanke på at vi no har bestemt oss, må vi begynne å orientere oss på nettet, kva som finnast av opplevingar vi må ha med oss.

Cinque Terre

Cinque Terre består av 5 vakre fiskarlandsbyar som står på UNESCO’s liste over verneverdige plassar og er noko av det vakraste Italia kan by på. For berre nokre få tiår tilbake, var desse landsbyane botne saman av stiar, og folk levde av fiske, dyrking av druer, sitroner og oliven til liks med forfedrane sine.

Sidan er her bygd veg som berre kan brukast av folk, bilar har ikkje tilgjenge. Det går både tog og båt mellom alle byane, og eit tips på nettet er å ta båten frå Monterrosso til Riomagiore, og gå tilbake på ein av dei mange stiane eller vegen. Dette er ein dagsmarsj i skiftande terreng, så godt fottøy er obligatorisk!

Dei flotte små byane som klamrar seg fast i fjellsidene, havet og kanskje ei kald pils på ein av restaurantane som vi går forbi, må vere grunn god nok til at vi må gjere dette. Vi kan også nyte duggfrisk kvitvin laga på druer dyrka lokalt i området, og havets delikatesser er fanga samme morgon. Vi vert nok ikkje åleine på ein slik tur, dette er etterkvart eit svært velkjent turistmål, men om temperaturen tillet det så skal turen gjennomførast.  Alle bilder lånt på internett.