Då har eg endeleg fått kjøpt inn eit produkt som eg har savna i lenger tid, Nas’et Qnap ts 419p. Eg har forhørt meg grundig og «ruga» lenge på kva fabrikant og modell eg skulle velge, meg eg fallt til slutt ned på denne. Den går no med 4 WD green 1,5 TB disker i raid 5, slik at eg har ca 4,2 TB tilgjengeleg å lagre på, men til gjengjeld kan ein disk krasje uten at det påverkar sikkerheita til mine filer 🙂 Her er nokre bilder eg fann av Qnap ts 419
Hovedårsaken til nyanskaffelsen var nok at vi har etterkvart fått kvar sin datamaskin i huset, ungane (3) har også kvart sitt kamera og dei legg bilda sine inn på eigen pc etterkvart. Back-up av desse bilda var ein «hovudverk» for meg, eg hadde nok med å sørge for back-up av eigne bilder. Qnap’en sørger no for å ta back-up av alle pc’ane til mine oppgitte tider, og eg slepp å tenke på det…. fantastisk.
Dette produktet har mange funksjoner som eg vil ta i bruk ettervart, mellom anna ligg det no ein WD TV Live som skal koblast til nettverket som medieavspiller og dette vert nok hovedgeskjeften i Jula 😉 I den forbindelse driv eg no å prøver ut diverse format både på lyd og bildesida, men får ikkje testa dette ut før etter 24 desember.
Har dei seinaste dagane forsøkt å legge inn ei nettside som vert hosta lokalt på Qnap’en, men har ikkje kome heilt i mål med dette enno, er noko i visninga som vert feil. Resultatet kan du følge med på her .
Som nedlastingsstasjon for bittorrent er den heilt enorm!! Eg har aldri fått slik fart på torrentane mine som no. Dei fleste cdripp er nede på under eit minutt, og eg har opptil 900 kb/s på min linje og med utorrent hadde eg sjelden over 100. Har kun forsøkt nedlast til no, vil etterkvart forsøke å dele noko for å sjå korleis dette fungerer.
Eg er til no svært fornøgd med min nye Nas og kan varmt anbefale den til andre. Eg har ikkje klart å finne ut av alle funksjoner enno, men det betyr berre at eg har mykje «morro» å sjå fram til enno, for det er artigt å finne ut av ting.
