Kategoriarkiv: Båt og båtliv

Dugnadshelg på Spjutøya

Tunet på Spjutøya
Tunet på Spjutøya

Vi har denne pinsehelga hatt dugnad på Spjutøya, og mange av spjutøyslekta sine små og store var samla for å skifte vegger på fjøsen. Vi overnatta frå laurdag til søndag, og vi hadde det kjekt og sosialt. Vi fekk bytta ein heil vegg, og det meste av ein til, så arbeidsmessig må vi vere fornøgde. Eg lyt kome tilbake med bilder frå fjøsen, dei ligg på eit anna kamera.

Kveldsstemning tatt mot likjesputøya
Kveldsstemning tatt mot likjesputøya

Tur til Spjutøya

Flott dag for alle på Spjutøya på pinsafta

Vi lot årets første båttur gå til Spjutøya, ei øy utanfor Ulsteinvik som er eigd av Spjutøyslekta. Der var Jarle og Iren med familie allereie og fleire kom til utover dagen. Vi hadde ein flott dag med saging av nedfallstømmer og grillmat i pausene.

Stormen i Romjula hadde tatt godt for seg på Spjutøya
Denne "vasen" prøvde Jarle Bjørdal å løyse
Midt inne i treet som vi skulle ta vekk, låg desse stakkarane, dei plasserte vi i eit anna tre....
Så var det å sette seg i båten og ta turen heim.

Båtmesse i Ålesund

Her er Sigurd og Janne i ferd med å inspisere ein Bavaria som ruva i messehallen

Laurdag 14/4-12 reiste Sigurd, Janne, min pappa og eg utover til Ålesund for å få oss ein liten kikk på dei nye vidundera som områdets båtforhandlarar kan tilby. Det vert nok for det meste å sjå seg rundt samtidig som ein må konsentrere seg for ikkje å sikle på alt det vakre som er stillt ut. Var du der ikkje i løpet av helga, gjekk du glipp av noko flott, men eg kan vise nokre smakebitar her.

Dette var 2012 versjonen av min egen båt, Uttern D55, men den vart nok litt puslete i forhold til mykje anna som var utstillt

 

Interiøret i den nye janneau Merry Fisher 855, ein praktisk og flott båt

 

Janne fann seg godt til rette i denne båten, framleis Merry Fisher 855, kanskje noko for framtida

 

Om ein vart litt lei båtar, så var der andre flotte objekt å kvile augene på

Opning av Bjørke Marina

Slik ser Bjørke ut etter dei har fått eigen Marina.

Laurdag 25/6-11 var dagen komen for opning av Bjørke Marina i bygda Bjørke. Etter at arbeidet med å knytte saman Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal starta med bygginga av kvivsvegen, har ein fått mange prosjekt opp å gå i bygda.

Som ein del av dei Nynorske Festspela var det mange opplevingar ein kunne få med seg på Bjørke denne dagen i tillegg til opninga av Bjørke Marina, kunstutstilling i Bakkegarden, salgsutstilling både i postkjellaren og på bedehuset, Open gard på Fjordhestgarden på Rørstad og mykje meir. Bjørke bygd er ei oppleving i seg sjølv, men er også omkransa av noko av Norges flottaste naturområder, så oppfordringa er, ta deg ein tur!

Det er lagt ut ei brygge no, men det kan kome ei til med tida
Mykje folk hadde tatt turen
Ordføraren i Hornindal kommune tok turen for å opne Bjørke Marina
I Bakkegarden kunne ein kjøpe seg viltgryte til middag og sitte ute og nyte både mat og omgjevnadane
Marinaen viser godt igjen i "by-bildet" på Bjørke

Båttur ut i Eiksund

Vi hadde litt landligge på hytta til onkel Roar i Eiksund

I dag har værgudane vist seg frå si beste side, og eg visste at i dag måtte eg på ein båttur før dagen var omme. Maria skulle berre selje nokre aviser først, og ho starta klokka 10 på runden sin. Når klokka var 14.30 var ho ferdig og då var far sprekkeferdig !!!

Vi heiv oss i bilen og reiste med ein gong, men den kalde ettermiddagsvinden gjorde at vi vart ikkje lenge utpå. Vi tok ein rask tur til Eiksund, åt litt mat på hytta til onkel Roar og så vende me nasa heim igjen. Som du ser av biletet under, kosa Scott seg ombord, ikkje plaga med sjøsjuke han nei.

Ein fin dag

Våren, våren kommer nåååå ?

Ja, eg var av gårde i forrige veke for å hente båten som var i vinteropplag ute i Gursken. Eg trudde eg var seint ute til alle desse flotte mai-dagane som vi veit ofte kjem. Eg skunda meg å få tak i meir motorolje, fekk den faktisk sendt med bil frå Ålesund, for det hasta å få skeppet på sjø må vite 😉
Under ser du eit bilde som beskriver værforholda ikkje berre i dag, men mange av dei siste dagane. No får det vere nok frå Kong Vinter, la våren sleppe til for fullt !!!

Her ser ein stoda på Sunnmøre no om dagen

Fantastisk båttur ikveld

Vi har hatt ein fantastisk båttur ikveld sammen med Wenke og Magne m/barn. Vi var først ein tur til Leikong, så stoppa vi på Onkel Roar si hytte i Eiksund og så avslutta vi med ein piknikk på Raudøya. Ungane fekk krabbeklyper med agn på, og då var dei sysselsatt. Dei vaksne kosa seg med kafi og nysteikte sveler, livet er godt!! I morgon, søndag, er det ny båttur til Spjutøya, der vi skal gjere ferdig skifte av tak på løa